For ansatte UiO For ansatte HF
print logo

Slepper studentane til

Error: Included resource '/for-ansatte/aktuelt/hf-aktuelt/2007/uke44/includes/avishovud.html' returned HTTP status code 404

Frå og med denne utgåva får HFSU si eiga spalte i HF-aktuelt.

Tekst og foto: Torstein Helleve, informasjonskonsulent HF

Therese Foldvik og Wenche Åsheim
Therese Foldvik og Wenche Åsheim frå HFSU ynskjer å gjera dei tilsette betre kjent med studentane sine synspunkt.

- Vi håpar at dette kan gje dei tilsette betre innblikk i kva studentane tenkjer, seier Therese Foldvik og Wenche Åsheim, som er informasjonsansvarlege i HFSU, eller Det humanistiske fakultetets studentutval, som er det fulle navnet. Foldvik er òg studentrepresentant i fakultetsstyret.

- Vi opplever til tider at avgjerder vert tekne over hovudet på oss, og at vi kjem for seint inn i ulike prosessar. Vi håpar at denne spalta kan vera ei påminning til dei tilsette om at det finst involverte og engasjerte studentar ved HF.

Ynskjer velkomen
HFSU si spalte vert ikkje nødvendigvis å finna i kvar einaste utgåve, og er i fyrste omgang ei prøveordning ut vårsemesteret.

- Dersom dette fungerer slik vi trur og alle vert fornøgde, held vi fram med dette til hausten, seier dekan Trine Syvertsen, som er ansvarleg redaktør for HF-aktuelt. Ho ynskjer studentane si røyst velkomen, og ser på dette som ein del av arbeidet med betre internkommunikasjon, ei av fakultetet sine prioriterte oppgåver i år.

Relevante lenker:
Faglige prioriteringer og fagmiljøers ønsker (fyrste spalta frå HFSU)
 

Error: Included resource '/for-ansatte/aktuelt/hf-aktuelt/2007/uke44/includes/sistesaker.html' returned HTTP status code 404

 

Publisert 29. okt. 2007 16:30 - Sist endret 11. mar. 2011 10:47