For ansatte UiO For ansatte HF
print logo

Nye nettsider for institutta

Frå i morgon av vert det ny utsjånad og nye publiseringsrutiner for nettsidene ved institutta.

- Vi gjennomførte ein brukartest saman med konsulentfirmaet Netlife Research i fjor haust. Den fortalte oss at sjølv om strukturen på nettsidene er ok, var det ein del grep vi kunne gjera for å gjera det lettare for brukarane å orientera seg, fortel webkoordinator Anders Vinnogg, som har leia arbeidet med omleggjinga.

- Det som heile tida må styra arbeidet med nettstader, er omsynet til brukarane. Men ofte er ein så tett innpå innhaldet sjølv at det er vanskeleg å setja seg inn i brukaren sin tenkjemåte. Brukartesten viste oss fleire større og mindre grep som kan gjerast.

Visuell profil
Han nemner "studenttjenester", "fleksibel læring", "publikumstjenester" og ikkje minst instituttforkortingane som nokre få døme på intern språkbruk. Uttrykk som er godt kjent internt, men som kan vera forvirrande for utanforståande.

- Vi fekk òg tilbakemeldingar på det visuelle, og har oppjustert utsjånaden på sidene i tråd med HF sin grafiske profil. Vi ser som vanleg fram til at den visuelle profilen på UiO sine nettsider skal forbetrast, seier Vinnogg lakonisk.

Vortex
Samstundes skjer det òg ei endring på publiseringssida, ved at institutta sine nettsider no skal redigerast i publiseringssystemet Vortex. Dette vil ikkje merkast så mykje av andre enn dei som redigerer nettsidene.

- Vi meiner at dette vil gjera det lettare for fleire å publisera innhald, seier Vinnogg. Han forsikrar at alt materiale som ligg ute i dag, vert teke vare på.

- Vi har jobba mykje med å klargjera sidene for flyttinga, men ber likevel om forståing dersom enkelte ting ikkje fell på plass umiddelbart. Om nokon opplever vanskar i samband med omleggjinga, kan dei kontakta informasjonskonsulenten ved instituttet.

Av Torstein Helleve, informasjonskonsulent HF
Publisert 10. sep. 2008 12:18 - Sist endret 26. aug. 2011 12:14