- Alle har behov for å bli sett
Medarbeidarundersøkingane ved HF og Matnat viser både forskjellar og likheitstrekk, meiner personalleiar ved MN-sekretariatet.
![]() |
| - For fakultetssekretariatet ved MN var ei omorganisering det riktige, meiner Ingrid Uldal. |
- Ein del av funna frå HF liknar på det vi fann hjå oss, kan seksjonsleiar Ingrid Uldal fortelja. Ho har funksjonsansvar for personalområdet ved fakultetssekretariatet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (MN).
- Utfordringar knytt til interninformasjon og kommunikasjon kjenner vi att. Likeleis behovet for karriereutvikling og kompetanseheving hjå teknisk/administrativt tilsette. Og felles for alle grupper, for fast vitskapleg tilsette, for rekrutteringsstillingar og for teknisk/administrative er behovet for å bli sett, å bli teken på alvor for det arbeidet ein legg ned.
Lågare mobbetal
Uldal legg til at dei òg avdekka ein del tilhøve knytt til laboratorie- og verkstadarbeid, som jo er meir utbreidd ved MN enn ved HF. Ein annan forskjell er at MN ikkje hadde like høge mobbetal som i HF si undersøking.
- Nei, det stemmer, og tala varierte òg ein del frå institutt til institutt. Eg skal ikkje namngje nokon, men ved eitt institutt var det såpass urovekkjande tilbakemeldingar frå stipendiatane at det vart sett i verk tiltak retta spesielt mot arbeidstilhøva for denne gruppa.
HF har valt å ikkje bryta ned mobbetala på institutt. Ein grunn til at det valet var mogleg, var at dei to fakulteta har hatt litt ulik framgangsmåte for undersøkingane. Medan HF hadde ei stor, felles undersøkjing for heile fakultet, var undersøkinga som vart gjennomført ved MN-fakultetet i 2004 eigentleg ein serie undersøkingar, der ein del var felles for alle institutta, medan ein del var sett saman spesielt for kvart institutt.
Oppfylgingsundersøkingar
- Det var ein framgangsmåte som var arbeidskrevjande, og då vi gjennomførde ei oppfylgingsundersøking ved fakultetssekretariatet i 2007 valde vi ei litt enklare løysing. Den hadde likevel nok til felles med den fyrste undersøkinga til at det var råd å gjera samanlikningar, fortel Uldal.
- Sidan undersøkingane var såpass ulike mellom einingane, har fakultetsleiinga ikkje involvert seg noko særleg i kva tiltak som har vorte sett i verk ved dei ulike institutta. Men det ligg nok ei forventing om oppfylgingsundersøkingar ved institutta òg, meiner ho.
Overmoden for omorganisering
Det viktigaste tiltaket som vart sett i verk ved fakultetssekretariatet var at ein omorganiserte.
- For oss var ei omorganisering det riktige å gjera då. Vi var nok overmodne for det. Og det er gledeleg å registrera at oppfylgingsundersøkinga viser at vi har vorte betre på ein del av det som var problematisk tidlegare. Men det er framleis sider ved både det fysiske og det psykososiale arbeidsmiljøet som vi skal jobba vidare med. Slik vil det jo vera.
