Digitalt bokskred ved UB
UiO satser på e-bøker. I alt 150 000 bøker er nå tilgjengelege i digital form.
|
|
|
Populær tjeneste: SONY PRS-505 og iRex Iliad er blant lesebrettene du kan låne på UB. (foto: Sony) |
Startskotet for det digitale boksredet ved UiO og UB går onsdag 20. januar klokka 15-16, i vestibylen på Georg Sverdrups hus. Til opninga kjem blant andre professor Nils Chr. Stenseth, prorektor Inga Bostad og universitetsdirektør Gunn-Elin A. Bjørneboe.
E-boksatsinga inneber at studentar og forskarar kan lese stadig fleire titlar via dataskjerm eller lesebrett. Dette gir i praksis eit døgnope bibliotekstilbod.
– Det har skjedd ei fantastisk utvikling dei senaste åra kva gjeld tilgang til forskingslitteratur. Med satsinga vår håper vi å bidra til meir effektiv forsking, seier biblioteksdirektør Bente Andreassen ved UB.
I tillegg til å låne bøkene via pdf-filer, tilbyr UB studentar og forskarar å låne lesebrett. Dette tilbodet skal etter planen utvidast.
– Vi ser på om det er råd å få til eit tilbod om lån av lesebrett med e-pensum til studentar. Ifølgje Universitas blir det kvart år skrive ut 5000 tre ved UiO, og vi veit at skrivarane går varme på enkelte institutt. Så e-pensum vil også vere eit monaleg bidrag til eit grønare UiO, seier Andreassen.
