To minutt med
... Åse Wetås, som er komen til ordet skodde.
– Kva arbeider du med akkurat no?
– Me i Norsk Ordbok 2014 har tidlegare denne våren lagt bak oss ei vellukka lansering av band 9 av ordboka vår, og nå er eg i full gang med å finna tiltak som skal hindra at me sprengjer dimensjoneringstala for artiklane i band 10. Det bandet skal dekkja alfabetbolken frå skodde til styvleg, og alfabetbokstaven s omfattar utruleg mykje spennande ordmateriale. Me vil gjerne ha med mest mogleg, men må stadig arbeida med å sikra plassen til det viktigaste og mest sentrale.
– Elles er våren tida for medarbeidarsamtalar her i ordboksredaksjonen. Som leiar får eg då høve til å setja meg ordentleg ned og snakka med tretti kunnskapsrike og hyggelege medarbeidarar som alle bidreg med gode innspel til korleis me kan ta vare på kvarandre fagleg og sosialt, og til kva me kan gjera for bli eit endå betre lag enn det me er i dag.
– Kva kunne du tenkje deg å arbeide med dersom du ikkje var prosjektdirektør og forskar ved HF?
– Eg pendlar med tog frå Drammen, så tanken på å finna ein jobb nærare heimen kjem av og til snikande når NSB trøblar det til med store forseinkingar. Men kvar gong slår eg det frå meg, for eg trivst så godt med jobben min at eg eigentleg ikkje kan tenkja meg å gjera noko anna.
– Kva ville du gjort om du var dekan for ein dag?
– Då ville eg sikra samlingane ved HF som permanent og livskraftig miljø for samling, forsking og formidling av språk- og kulturvitskaplege data, inkludert forsking og utvikling av humanistisk forskingsinfrastruktur. Store mengder empiriske forskingsdata endar dessverre som utilgjengelege materialklumpar i ustabile lagringsmedium – for eksempel har nok mange forskarar materiale som ligg og støvar ned på gammaldagse diskettar rundt om. Med integrering av materiale frå alle slags større og mindre forskingsprosjekt i dei vitskaplege samlingane ved HF hadde me sikra to viktige ting: Grunnlagsmaterialet kunne gjerast enkelt tilgjengeleg for alle som ønskte å etterprøva eit gitt forskingsresultat, og materialet kunne resirkulerast til bruk i nye forskingssamanhengar.