Vedtak på lågaste nivå
Er det alltid naudsynt med tre nivå når noko skal avgjerast, spurte viserektor Ragnhild Hennum, då ho, prosjektleiar Ingar Pettersen i IHR og universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe svara HF-tilsette om IHR-prosessen.
Viserektor Ragnhild Hennum (f.v.), prosjektleiar Ingar Pettersen i IHR og universitetsdirektør Gunn-Elin Bjørneboe presenterte IHRs mål og resultat så langt - og svarte på spørsmål frå HF-tilsette som møtte mannsterke opp på møtet 30. januar.
Er det for tungvint og ressurskrevjande å la så mange vedtak tast sentralt, for så å gå til fakultet og vidare til institutta?
Ifølgje viserektor Hennum bør prosjektet Internt handlingsrom (IHR) mellom anna handsame dette spørsmålet og spørsmålet om kva for myndigheit sentraladministrasjonen har over fakulteta og institutta.
Allmøte på HF
På et allmøte for tekniske og administrative tilsette ved HF måndag 30. januar uttrykte fleire tilsette at tilhøvet til sentraladministrasjonen burde betrast. Mellom anna opplever fleire at dei ikkje får den hjelpa dei ventar grunna sviktande kompetanse eller manglande forståing for korleis det er på instituttnivå.
Overføre til studier og forsking
Det var direktør Bjørneboe, prosjektleiar Pettersen og viserektor Hennum som møtte HF-arar for å snakke om IHR-prosjektet. Prosjektet har innsparing blant tekniske og admininstrative som overordna mål, og overføring av ressursar til studier og forsking.
Dialog og møter
IHR-prosjektet tok til i 2011. UiO-direktøren har brukt mykje tid på å innhente informasjon om kva for endringar som skal til for å lette arbeidet for tilsette, unngå dobbeltarbeid og såleis spare ressursar.
- Hittil har eg vore på mellom 25 og 30 slike møter kring på UiO for å kome i dialog med tilsette, seier Bjørneboe.
Ifølgje prosjektleiar Ingar Pettersen i IHR er det i tillegg til slike møter viktig at ulike nivå i organisasjonen er representert i gruppene som arbeider fram løysingsforslag.
Tre organiseringsgrupper
God representasjon og breidde er det særleg på området organisering. Det er sett saman tre ulike grupper som skal sjå på korleis vi er organiserte og kven som gjer kva. Ei gruppe av personar med fagkompetanse på organisering, ei anna gruppe av fakultetsdirektørar og ei tredje gruppe med representantar frå alle nivåa ved UiO.
Les meir om IHR i prosjektleiinga sin presentasjon (ppt) under HF-allmøte.