Brynjar Lia

Building a Police without a State: The PLO, the Donor Community, and the Establishment of the Palestinian Police and Security Forces

Doktorand: Brynjar Lia
Sted: Auditorium 2, Sophus Bugges hus, Blindern
Tidspunkt: 21. november 2003 kl 13.15
Melding:
Cand.philol. Brynjar Lia framstiller seg for graden doctor philosopiae:

Prøveførelesingar torsdag 20. november 2003, Auditorium 2, Sophus Bugges hus, Blindern
kl. 17.15-18.00: The Rise of Salafi-Jihadi Groups in Iraq - Some Preliminary Observations (sjølvvald emne)
kl.18.15-19.00: Policing and conflict transition. The Palestinian case in a comparative perspective (oppgitt emne)

Disputas fredag 21. november 2003 kl. 13.15, Auditorium 2, Sophus Bugges hus, Blindern

Dei ordinære opponentane er:
Professor Beverly Milton Edwards, Queens University(fyrsteopponent)
Seniorforskar Hilde Henriksen Waage, International Peace Research Institute, Oslo (PRIO)(andreopponent)

Det tredje medlemmet av komiteen er Direktør Nils Butenschøn, Norsk senter for menneskerettigheter, Universitet i Oslo.

Disputasen vert leia av prodekan, professor Trine Syvertsen.

Pressemelding:
Det palestinske politiet: i klemme mellom okkupasjonsmakt og giverland
Eit politi utan ein stat kan vanskeleg fylle rolla som forsvarar av lov og orden. Dette dilemmaet er sentralt i avhandlinga til Cand Philol Brynjar Lia som tek dr philos-graden ved Universitetet i Oslo på ei avhandling om politistyrkane til Det palestinske sjølvstyret i perioden 1993-2000. Lia viser at i fråværet av ein palestinsk stat vart det nye politiet ein brikke i ein dragkamp mellom Israel og USA på den eine sida som meinte at bekjemping av vald mot israelarar var politiets hovudoppgåve, og på den andre sida palestinarane som såg politiet som ein potensiell frigjeringshær.

Dei mange praktiske og politiske utfordringane til det nye palestinske politiet får brei plass i avhandlinga: offiserane mangla ofte elementær politiopplæring og basisutstyr, innkvartering og finansiering var utilfredsstillande; krava frå Israel og USA om effektiv terrorbekjemping var urealistiske; og kommandolinjene var uklare, pga politisk innblanding frå Arafat. Den auka tilgang til handvåpen bidrog i tillegg til ei gradvis tilbakevending til stammejustis og danning av paramilitære grupper i det palestinske samfunnet.

Sentralt i avhandlinga står også den internasjonale innsatsen med å førebu og etablere politistyrkene. Lia viser korleis dei vanskelege fredsforhandlingane og den ustabile politiske situasjonen var eit konstant forstyrrande element i dei praktiske førebuingane og at profesjonelle omsyn ofte måtte vike for politiske kompromiss. Rolla til givarlandsgruppa som Norge leia blir analysert. Med utgangspunkt i nedgraderte kjelder frå Utanriksdepartementet diskuterer avhandlinga bl a Norges idealistiske pådrivarrolle og utviklinga av USAs engasjement frå motvillig deltakar til hovudsponsor for det palestinske antiterrorpolitiet.

Vitenskapelig sammendrag

Doktordisputaser ved HF

Så langt det rekk kan ein få avhandlingen ved:
Institutt for østeuropeiske og orientalske studier, v/ Edle Stang, N. Treschows hus, 11. et., tlf.: 22 85 69 79

For mer informasjon, kontakt: marta.gjernes at hf.uio.no
Signatur: Marta Gjernes

Publisert 5. jan. 2006 17:36 - Sist endret 12. apr. 2011 13:34