Forsiden UiO Det humanistiske fakultet
print logo

Kva plass har skriftkulturen i samband med revitaliseringa av språk?

Bjørg Nesje Nybø

Det overordna temaet for dette prosjektet er revitalisering av språk. Kva teoriar er sette fram i samband med dette og i kva grad er det teke omsyn til skriftspråk og skriftkultur i desse teoriane? For å setje lys på dette, nyttar eg ei samanlikning av irsk-gælisk og nynorsk og framveksten av desse som moderne skriftspråk frå siste halvdel av 1800-talet og fram til om lag 1970. Korleis gjekk normeringsprosessen for desse to språka føre seg og kva låg til grunn for han? I kva grad kom det ut lesestoff på desse skriftspråka i samband med revitaliseringa? Kva type lesestoff var dette? Korleis blei statusen til skriftspråka nedfelt i lovgjevinga? Sidan språk og språkbruk blir påverka av det samfunnet som omgjev språket, ser eg òg på kva som leidde opp til revitaliseringa av irsk-gælisk og nynorsk. Ved å samanlikne desse faktorane for dei to språka, vil eg sjå om dette kan fortelje oss noko om kva plass skriftspråket og skriftkulturen har i slike revitaliseringsprosessar. 

Publisert 6. apr. 2011 19:43