Ord i Oslo (Forskningstorget 2007)
Redaksjonen av den 12 bind store ordboka Norsk Ordbok, har laga ei nettordbok for å samle inn typiske Oslo-ord på Forskingstorget. Norsk Ordbok omfattar ord frå den skriftlege nynorsken og dessutan så mange dialektord og dialektvariantar som arkiva våre inneheld. Det finst sjølvsagt også Oslo-ord i dette materialet, men ikkje så mange som innbyggjartalet i Oslo skulle tilseie. Dessutan manglar vi for ein del dei nye orda i den munnlege Oslo-dialekten.
Vi er svært interesserte i å bøte på denne situasjonen, og håper difor at vi i samband med Forskingstorget og Forskingsdagane vil få hjelp frå publikum til å registrere ord frå Oslo. Er du frå Oslo og kjenner til ord som vi bør ha med i ordboka vår, fyll ut skjemaet nedanfor.
Sjå Oslo-ordboka
Klikk her for å sjå heile Oslo-ordboka.
Søk i Oslo-ordboka
Nye ord
Her kan du leggje inn typiske ord eller uttrykk frå Oslo
|

|