Disputas: Filmavisa og rettsoppgjeret etter krigen

Cand.philol. Idar Flo ved Institutt for arkeologi, konservering og historie vil forsvare sin avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): “Et ugiendrivelig bevis på nazistenes barbari" - Rettsoppgjer, minneproduksjon og gjenreising i Norsk Filmrevy 1945 — 1949

Idar Flo

Avhandlinga undersøker i kva grad Filmavisa (Norsk Filmrevy) bidrog til å legitimere det re-etablerte demokratiet i dei fyrste etterkrigsåra. I frå premieren 21. mai 1945 og i dei komande årgangane gav Filmavisa si framstilling av rettsoppgjeret, minneproduksjonen etter krigen og den fysiske og moralske gjenreisinga av landet.

I Fellesprogrammet blei det uttrykt eit sterkt ønskje om å gjenskape tilliten til statsmakta etter fem års diktatur, og den såkalla «Opplysningskomiteen for gjenreising» gav Filmavisa i oppdrag å skape entusiasme og spreie informasjon kring gjenreisingsarbeidet. Her fekk Filmavisa spele ei sentral rolle, kor ho gjennom kombinasjonen av lyd og bilde «oversatte» kompliserte samfunnsspørsmål til eit breidt publikum.

Ein hovudkonklusjon er at Filmavisa legitimerte det re-etablerte demokratiets gjenreisingspolitikk ved å sette det innanfor ei einsretta tolkingsramme kor både rettsoppgjeret og den fysiske gjernreisinga blei framstilt som fornuftig og rettvis. Dette blei understøtta ved at minnene etter krigen blei satt i ei tolkingsramme kor nordmenn hadde ei moralsk plikt til å gjenreise landet, og for alltid minnast dei som gav livet sitt for fedrelandet.

Tid og sted for prøveforelesning

Fredag 21. oktober 2016, kl. 10.15 i Gamle Festsal, Domus Academica, sentrum: "Propaganda i nyhetsfilm 1940-1945 i Norge, Danmark og Sverige"

Bedømmelseskomité

  • Professor emeritus Claus Bryld, Roskilde Universitet (førsteopponent)
  • Professor Odd Arvid Storsveen, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Universitetslektor Lina Sturfelt, Lunds Universitet (andreopponent)

Leder av disputas

Disputasleder er professor Finn Erhard Johannessen

Veileder

Publisert 19. aug. 2016 15:29 - Sist endret 7. okt. 2016 09:00