Disputas: Frå motekspert til bølgjeryttar

Cand.philol. Gunnar Yttri ved Institutt for arkeologi, konservering og historie vil forsvare sin avhandling for graden doctor philosophiae (dr.philos.): Gjennombrot og kjenneteikn: Liner i soga om høgare utdanning i Sogn og Fjordane

Gunnar Yttri

Gjennombrotet for lærarskule og distriktshøgskule i Sogn og Fjordane kom med det store skiftet i utdanningspolitikken ved inngangen til 1970-åra. Personar frå fylket sto sentralt i arbeidet for å få lagt distriktshøgskular til bygdesamfunn. Fremst mellom desse var statsråd Kjell Bondevik og stortingsmann Einar Førde. Student-målrørsla gjorde ein skilnad. Framståande filosofar som Hans Skjervheim og Gunnar Skirbekk gav argument. Det filosofiske grunnlaget for å skapa motekspertise i distrikta, sprang ut av same tankegods som motiverte kritikken mot ny-positivismen og forsvaret for det humboldtske universitetsidealet.

Dette er nokre av funna i denne avhandlinga om høgare utdanning i det rurale fylket Sogn og Fjordane frå 1960-åra og fram mot vår eiga tid. Sogndal lærarskule, Sogn og Fjordane distriktshøgskule, Sogn og Fjordane sjukepleiehøgskule, Høgskuleutdanninga på Sandane, Sogn og Fjordane ingeniørhøgskule og seinast Høgskulen i Sogn og Fjordane vert granska. Vekselspelet mellom høgskular, regionale og sentrale krefter vert sett under lupa i fem tiår. Avhandlinga gir slik ny innsikt om høgare norsk utdanningshistorie.

Avhandlinga finn eit viktig og varig skilje med endringane ved Sogn og Fjordane distriktshøgskule frå 1982. På fåe år tok institusjonen steget «frå motekspert til bølgjeryttar». Samfunnskritikk, forsking og ambisjonen om å skapa ein motekspertise veik plassen for vekstambisjonar og vilje til å ri utdanningspolitiske bølgjer.

Tid og sted for prøveforelesning

Torsdag 8. september 2016 i Auditorium 1, Eilert Sundts hus, Blindern

Kl. 16.15, selvvalgt emne: "Marshallplanen: Snart 70 år og stadig sprekare?"

Kl. 17.15, oppgitt emne: "Sentrum og periferi som tema i norsk historieskriving"

Bedømmelseskomité

  • Professor John Peter Collett, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Hilde Gunn Slottemo, Nord Universitet (andreopponent)
  • Professor Fredrik Thue, Høgskolen i Oslo og Akershus (førsteopponent)

Leder av disputas

Professor Erling Sandmo

Publisert 8. aug. 2016 11:10 - Sist endret 25. aug. 2016 09:00