Norsk historie 1814-1905. Å byggje ein stat og skape ein nasjon

Jan Eivind Myhre

Dette er det tredje bandet i det nye historieverket til Samlaget og skildrar hundreåret då Noreg gjekk frå unionsstatus til å bli ein sjølvstendig nasjonalstat.

Boka har to hovudforteljingar. Den eine viser korleis landet og innbyggjarane blei bundne tettare saman, i ein statsfellesskap og ein nasjonal fellesskap. Dette skjedde gjennom omfattande utbygging av kommunikasjonar og nasjonale institusjonar. Den andre forteljinga handlar om vegen inn i det moderne, i ein industriell kapitalisme som prega alle sider av økonomien og gjorde landet til eit av dei rikaste i verda. I denne prosessen utvikla landet seg frå eit standssamfunn til eit klassesamfunn. Begge forteljingane er nær knytte til utviklinga av demokratiske institusjonar, som det lokale sjølvstyret, folkerørsler og eit godt utbygd skulevesen. (Omtale fra forlaget)

Publisert 19. des. 2012 14:19 - Sist endret 19. des. 2012 14:19