Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for arkeologi, konservering og historie
print logo

Afrika

Afrika er det kontinentet der vi finn dei eldste spora etter menneske. Kontinentet er delt på tvers av den veldige Sahara-ørkenen, og det er vanleg å skilje mellom det nordlege Afrika og Afrika sør for Sahara, også kalla det subsahariske Afrika.

Utviklinga i det subsahariske Afrika var lenge prega av lite samhandling med utanverda, sjølv om det var noko kontakt nordover via karavanerutene gjennom ørkenen. Europearane sitt inntog på kontinentet byrja med gullhandel på Vest-Afrika på 1400-talet, men snart var det den transatlantiske slavehandelen som dominerte kontakten. Den stadig aukande europeiske påverknaden, som kulminerte med kolonialiseringa av så å seie heile kontinentet, omkalfatra dei afrikanske samfunna fundamentalt, både økonomisk, politisk og kulturelt.

Dei aller fleste av dei førkoloniale subsahariske samfunna var skriftlause, men det fanst ein rik tradisjon for munnlege overleveringar. Det finst også reiseskildringar skrivne av arabiske handelsreisande. Desse, saman med dei munnlege overleveringane, kan fortelje oss ein del om den førkoloniale historia til kontinentet. Likevel er oppgåva vanskeleg, både på grunn av det magre kjeldetilfanget, det faktumet at fortidstenkinga og tidsforståinga i dei fleste afrikanske samfunn ofte er svært ulike frå den lineære historietenkinga som pregar Vesten.
 

Publisert 24. nov. 2010 09:34 - Sist endret 18. mai. 2011 10:13