Vi forsker på: Aviser og tidsskrift
Med utviklinga av boktrykkjarkunsten på 1400-talet vart grunnlaget for framveksten av dei trykte media lagt. Den nye teknologien gjorde det mogleg å distribuere tankar og idear både raskare og rimelegare. Dette gav fleire menneske tilgang til informasjon, men også eit større høve for styresmaktene til å kontrollere kva som vart trykt, enn tilfellet hadde vore då kopieringa gjekk føre seg for hand.
Styresmaktene forsøkte å sikre seg makta over kva som vart trykt og distribuert på ulike måtar, blant anna gjennom lovverk og privilegium.
Trykkjefridom vart eit viktig prinsipp under opplysningstida på slutten av 1700-talet. Ytringsfridom vart ein del av den franske menneskerettserklæringa av 1789 og innlemma i tilleggsparagrafen frå 1791 i den amerikanske uavhengnadserklæringa. I Noreg vart trykkjefridomen innførd i 1814 med paragraf 100 i Grunnlova - «Trykkefrihed bør finde Sted».
I dag reknar ein ytringsfridomen som ein grunnleggjande rett i alle demokrati.
Forskningsprosjekt