Vi forsker på: Demokrati

Ordet ”demokrati” er ei samanstilling av gresk ”demos”, folk, og ”kratos”, makt eller styre, og uttrykkjer ei styringsform der makta eller makthavarane sin legitimitet ligg hjå folket. Hovudtanken er at dei som er omfatta av makta, har rett til å ta del i dei avgjerdene som vedkjem dei. Det fyrste kjende demokratiet oppstod i Hellas kring 500 f. kr. ”Folket” var her avgrensa til dei frie mannlege borgarane, men deira påverknadskraft og deltaking var direkte.

Sjølv om demokratiet var etablert som eit historisk styringsprinsipp, vart det ikkje til politisk praksis før i andre halvdel av 1700-talet i Nord-Amerika og Vest-Europa, der demokratia vart representative: makta låg i siste instans hjå dei valde representantane for folket. Det norske demokratiet var inspirert av den amerikanske grunnlova og den franske menneskerettserklæringa, og vart gjord til forfatningsprinsipp i Grunnlova av 1814.

Ei hovudlinje i historia om dei moderne demokratia er utvidinga av røysteretten. I den tidlege fasen deira var røysteretten typisk berre for menn som åtte eigedom, over ein viss alder; i multi-etniske statar var han typisk også berre for kvite. Demokratia i dag har langt vidare røysterett. I Noreg fekk menn ålmenn røysterett i 1898 og kvinner i 1913, og røysterettsalderen har vorte sett ned fleire gonger, sist frå 20 til 18 år i 1978.

Publisert 17. nov. 2010 20:45 - Sist endret 19. juni 2017 10:58