Vi forsker på: Historiografi

Historiografi er vitskapen om historieskrivinga. Ein kartlegg historikarane sine emneval, studerer kva slags forklaringar historikarane bruker, ser etter grunnsyn og heilskapsoppfatningar, undersøkjer kva andre historikarar dei er påverka av, i kva grad historikarane sine politiske eller religiøse oppfatningar og samfunnssituasjonen eller trendar i tida har påverka historieskrivinga. Djupast sett handlar historiografi derfor om korleis kunnskap blir til og er derfor både tekststudium og ei form for kunnskapssosiologi.

Eit døme frå norsk historiografi kan vere den såkalla ”norske historiske skulen” i tiåra etter 1814. Historikarane som høyrde heime her, var nasjonalt engasjerte og var opptekne av å vise at Noregs historie var heroisk og skilde seg frå historia i nabolanda, t.d. ved at innvandringa til Noreg hadde skjedd frå nord og ikkje frå sør som i nabolanda (ei oppfatning som for lengst er forlaten). Det er nærliggjande å sjå denne orienteringa i samanheng med det behovet det nye Noreg hadde for å streke under den nasjonale eigenarten sin. Samfunnssituasjonen har altså slege tydeleg inn i historieskrivinga.

 

Publisert 16. nov. 2010 10:55 - Sist endret 29. nov. 2017 11:08