Vi forsker på: Historisk teori og metode

”Historisk teori” er eit omgrep som blir brukt på ulike måtar. Ofte vil forskarar ha ein ”teori” om historiske hendingsgangar og samanhengar, eit ordna førehandsbilete av det fenomenet vi skal studere. Brukt slik er ein ”teori” det same som ein ”hypotese”.

I historiefagleg samanheng tyder ”teori” oftare dei overordna perspektiva vi tek når vi forskar, men også då kan vi bruke teoriomgrepet på ulike nivå. Eit fundamentalt teoretisk spørsmål dreier seg om kva som er sjølve arten av historisk kunnskap: Er fortida ein gjeven storleik som historikarane skal gje mest mogleg realistiske skildringar av, eller dreier historieskrivinga seg om å konstruere fortider som berre finst som språk og representasjon?

I meir konkret forstand er ein teori eit historiesyn, ei oppfatning av kva som er det grunnleggjande ved den fortida vi vil framstille. Til dømes vil ein materialistisk orientert historikar vere oppteken av arbeid, produksjon og økonomi, medan ein strukturalist vil prøve å skildre dei felles grunnleggjande strukturane i språk og tenking. Slike teoretiske perspektiv vil verke styrande for kjeldeval, problemstillingar og kunnskapssyn, men dei vil sjeldan vere gjensidig utelukkande. I praksis er historiefaget prega av pragmatiske haldningar til teori.

”Metode” kan dels tyde dei teknikkane ein bruker for å etablere kunnskap innanfor dei rammene teorien skaper. Ein skil då gjerne mellom kvantitative metodar, som etablerer statistisk kunnskap på grunnlag av data som kan teljast og målast, og kvalitative metodar, meir inngåande fortolkingar av kjeldematerialet. Men metode – eller metodologi – kan også vere nemninga for den overordna framgangsmåten ein bruker for å sikre seg at ein får svar på det spørsmålet ein stiller. Å samanlikne, komparasjon, er ein slik metodologi. Kjeldegransking kan også sjåast slik, som eit sett av metodar, som vil vere felles for alle historikarar. Dette aspektet er eitt av trekka ved historikarane si verksemd som mest tydeleg gjev dei ein felles identitet.
 

Publisert 16. nov. 2010 11:02 - Sist endret 26. feb. 2013 13:23