Vi forsker på: Kjønn

Den moderne historievitskapen, basert på systematisk kjeldekritikk og metodebruk, voks fram på 1800-talet. Faget var då dominert av forskinga på store politiske hendingar og på dei få hovudpersonane i denne politiske historia, som nesten utan unntak var menn.

I ettertid har faget utvida interessefeltet og persongalleriet sitt dramatisk, og no handlar det korkje berre om dei få eller berre om menn. Ei feministisk inspirert kvinnehistorie vart etablert som ein eigen del av faget på 1960- og 70-talet. Ambisjonen der og då var frå fyrst av å få synleggjort kvinnene sitt nærvær overalt, men dette fekk viktige konsekvensar også for analysemåtar og nøkkelomgrep i forskinga: insisteringa på at faget ikkje kunne skrive om arbeid som om det berre besto av lønsarbeid og dermed i all hovudsak menns arbeid, leidde til dømes til nye måtar å definere arbeid og dermed også økonomi på.

Dette var igjen eit døme på at språk og tenking var ”kjønna”, altså at dei bar i seg uuttalte førestellingar om forholdet mellom kjønna – førestellingar som igjen var med på å oppretthalde dette forholdet. Slik fekk kvinnehistoria raskt ein medvitsgjerande, fagkritisk funksjon, og den grunnleggjande refleksjonen ho bar i seg, førde også til at fagfeltet utvikla seg i retning av ei meir ålmenn, teoretisk ambisiøs kjønnshistorie som utforska kjønn som historisk kategori.

 

Publisert 17. nov. 2010 22:04 - Sist endret 29. nov. 2017 11:08