Vi forsker på: Kollektive rørsler si historie

Kollektive rørsler har hatt stor innverknad på det samfunnet vi lever i i dag. Ved å slutte seg saman har menneske påverka livssituasjonen sin og fremja saker dei har rekna som viktige. Rørsla har utgjort ei motmakt til andre former for utanomparlamentarisk makt. I den klassisk moderne perioden, frå 1800-talet, oppstod interesseorganisasjonar som arbeidarrørsla, bonderørsla og ulike kvinnesaksorganisasjonar – samanslutningar som også ofte har klare ideelle siktemål I det høgmoderne vestlege samfunnet, frå 1960-talet, oppstod ”nye sosiale rørsler”, som miljørørsla eller organisasjonar for minoritetsrettar.

Sentrale spørsmål er: Kvifor oppstod og voks sosiale rørsler? Verka interesser eller moral sterkast til å mobilisere? Kven har medlemene vore? Korleis har rørslene tenkt og handla?

Skil dei ”nye sosiale rørslene” seg frå dei gamle? Er tida for kollektive rørsler over i Vesten; er vi slik sett i eit ettermoderne samfunn? Går vi mot stadig større individualisme eller mot mange subgrupper?

Mot dette kan ein spørje om ein tredje runde med organisering oppstår, denne gongen på eit transnasjonalt plan. Den nye rørsla er mot den globaliseringa dei meiner skjer på storkonserna sine vilkår. Samstundes er rørsla sjølv global.

 

Publisert 17. nov. 2010 22:22 - Sist endret 29. nov. 2017 11:08