Vi forsker på: Kulturarv

Kulturarvomgrepet er definert som den totale plattforma av historie og røynsler som samfunnet vårt kviler på. Kulturarv kan sporast i ulike uttrykksformer, blant anna i skriftlege kjelder og i dei bevarte restane av fysiske strukturar og gjenstandar frå forhistoria, og i immateriell kultur som sedvanar og skikkar.

Gjennom slike historiske og forhistoriske leivingar har kulturarv vore ein identitetsskapande faktor som til dømes i den norske nasjonsbygginga etter 1905, der Osebergfunnet spelte ei avgjerande rolle for opprettinga av kulturminnevernlova i Noreg.

Innanfor temaet kulturarv er spørsmål om bevaring og eigarskap sentrale diskusjonar. I kva grad skal kulturarv som til dømes gamle bygningar takast vare på på kostnad av nyvinningar i dagens samfunn? Er kulturarv noko som tilhøyrer alle, eller er det grupper eller område som har større grad av eigarskap til delar av kulturarven?

Publisert 18. nov. 2010 10:58 - Sist endret 29. nov. 2017 11:47