Vi forsker på: Nasjonalisme og nasjonsbygging

”Nasjon” er ei nemning med fleire meiningsnivå. Historisk låg tyngdepunktet tidleg på sosial og ikkje minst kulturell identitet, og denne tenkinga var ramma om oppkomsten av nasjonalismen i Europa frå siste del av 1700-talet. Nasjonalismen er ein politisk ideologi som byggjer på prinsippet om at nasjonar bør ha ein eigen stat, og denne ideologien låg under samlinga av statar som Tyskland og Italia og under ei rekkje andre nasjonalistiske og patriotiske rørsler. Målet var etableringa av suverene nasjonalstatar.

Frå 1980-talet har nasjonalisme hatt eit oppsving i Europa, som har gjeve seg uttrykk i etablering av fleire nasjonalstatar i dei tidlegare kommunistiske unionane Sovjetunionen og Jugoslavia. Desse hendingane har gjort at mange har vore opptekne av kva nasjonalisme eigentleg er. Kva er ein nasjon? Kor gamle er dei nasjonale fellesskapa og korleis har dei oppstått? Korleis skal ein definere nasjonale identitetar? Kva er tilhøvet mellom nasjonar og etniske grupper?
 

Publisert 18. nov. 2010 14:41 - Sist endret 26. feb. 2013 13:23