Vi forsker på: Industrihistorie

Industrihistorie er den delen av historiefaget som spesielt behandlar industriens historie. Denne kan ha ulike innfallsvinklar: teknologi, leiing og/eller organisasjon, arbeidsliv, sosiale forhold, osv.

I Noreg er bedriftshistorie eit vanlegare omgrep enn industrihistorie, sjølv om det femnar noko vidare. Frå Linderud til Eidsvolds verk, som handlar om eit familiefirma i trelast gjennom fleire hundre år, og er skrive av Andreas Holmsen, August Schou, Francis Sejersted og Even Lange, blir ofte rekna som eit grunnleggjande verk i norsk bedriftshistorie.

I dei siste tiåra har ei lang rekkje norske industribedrifter, t.d. Borregaard, Statkraft, Orkla, Elkem og Hydro fått skrive sine historier av faghistorikarar.
 

Publisert 17. nov. 2010 21:03 - Sist endret 26. feb. 2013 13:23