Vi forsker på: Politisk idéhistorie

Studiet av dei politiske ideane si historie har i historiefagleg samanheng vore tett samanbunde med studiet av politiske rørsler: Ideane har typisk vore studerte i spennet mellom teori og praksis.

Det er mange måtar å drive med politisk idéhistorie på. Ho kan oppfattast som undersøkingar av det ideologiske grunnlaget for kollektive, politiske rørsler, som fascisme, nazisme og kommunisme; ho kan definerast som studiet av sentrale politiske kategoriar eller tema, som demokrati, fridom, eller solidaritet, eller vi kan studere dei skiftande forståingane av sentrale historiske tekstar, som Platons Om staten, den franske menneskerettserklæringa, eller Marx og Engels’ Det kommunistiske manifest. Omsetninga av idear til handlingar og dei historiske konsekvensane av desse handlingane står sentralt i historiefaget sine tilnærmingar til alle desse formene for politisk idéhistorie.

Forskarnettverk

Nettverk for totalitarismeforskning

Publisert 18. nov. 2010 16:30 - Sist endret 26. feb. 2013 13:23