Vi forsker på: Rettshistorie

I historiefaget dekkjer ”rettshistorie” eit breitt spekter av emne: ikkje berre den juridiske historia om lover og prinsippa bak dei, men heile rettsapparatet og rolla det har i samfunnet ganske ålment. Felles for denne forskinga er bruken av kjelder som har sitt opphav i rettspraksis: lover, dommar, protokollar, kontraktar, fortegnelser over bøteinntekter og utgifter til straff, og så vidare.

Lov, dom og straff er heilt grunnleggjande storleikar i organiserte samfunn, og vi har rettslege kjelder frå alle historiske periodar. I studiet av dei eldste periodane vil slike kjelder typisk vere det mest omfattande bevarte skriftlege materialet, og iblant vil det også vere det einaste. Kjeldene vil kunne fortelje oss svært mykje om styringsformer og ideologi og om legitimiteten hjå herskarar, men også om tankar og førestellingar hjå folk flest og om naud, konflikt, opprør og oppgjer. I tillegg gjev det innsikt i organisering av dagleglivet: arveoppgjer og eigedomsoverføringar, handel, rettar, ansvar og makt. Rettshistorie i ein slik vid forstand dreier seg dermed mindre om å studere ein avgrensa samfunnssektor enn om å bruke bestemte kjeldetypar til å studere samfunnsutvikling, makt og enkeltskjebnar.

Publisert 18. nov. 2010 20:47 - Sist endret 19. juni 2017 11:05