Vi forsker på: Utanrikspolitikk

Utanrikspolitikk er nemninga på ein stats tosidige og fleirsidige forhold til omverda, dvs til andre statar så vel som til internasjonale organisasjonar av ulikt slag. Normalt har statens utanriksdepartement eit overordna ansvar for denne politikken, men i mange tilfelle vil sektorar av utanrikspolitikken bli ivareteken av fagdepartement.

Norsk utanrikspolitikks historie har sidan etableringa av den norske middelalderstaten vore sterkt prega av geografisk plassering og det forholdet at Noreg er omkransa av sjø i nord, vest og sør. Den maritime orienteringa har prega både næringsgrunnlaget i Noreg og sambanda med omverda – isolasjon og isolasjonisme på den eine sida og internasjonal orientering og avhengnad på den andre. Etter andre verdskrigen og i særleg grad etter slutten av den kalde krigen har Noreg i aukande grad søkt å spele ei internasjonal rolle i tråd med norske humanitære tradisjonar.

Eit sterkt engasjement i utviklingshjelp og fredsmekling har karakterisert politikken dei siste tiåra og særleg etter slutten på den kalde krigen, samstundes som alliansepolitikken frå slutten av 1940-åra blir halden ved lag.

Publisert 19. nov. 2010 13:14 - Sist endret 7. des. 2017 09:39