Vi forsker på: Vitskapshistorie

Vitskapshistorie er historia om vitskapane og deira rolle og innverknad i samfunnet gjennom tidene. Ho femnar ikkje berre om naturvitskap og teknologi, men også historiske studiar av samfunnsfag og humaniora. Det er vanleg å studere utviklinga av vitskapen i samanheng med dei breiare samfunnsmessige og historiske kontekstane.

Vitskap er ikkje berre idear og teoriar, men ei sosial, institusjonalisert verksemd som består av diverse intellektuelle og materielle praksisar, til dømes eksperiment, feltobservasjon, analysering av data, teoretisering, klassifisering og publisering.

Vitskapshistorie analyserer korleis ulike samfunn til forskjellige tider har organisert og gyldiggjort produksjon og distribusjon av vitskapleg kunnskap. Ved å fokusere på skaping av ny kunnskap, utdanning av profesjonelle ekspertar, og bruken av vitskap i akademiske institusjonar, statlege organ, museum og privat næringsliv, belyser vitskapshistorikarar korleis det moderne, industrielle og kunnskapsbaserte samfunnet er vorte til.

 

Publisert 19. nov. 2010 13:38 - Sist endret 29. nov. 2017 11:58