Instituttstyrets rolle og mandat

Rolle

Instituttstyret er det øvste avgjerdsorganet ved instituttet. Styret vedtek overordna mål, prioriteringar og strategiar for instituttet.
Instituttleiar er leiar i styret, og førebur sakene som skal behandlast. Administrativ leiar er sekretær, men ikkje styremedlem.
Alle møte i instituttstyret er normalt opne. Styret kan lukke møtet i nokre saker, slik at berre styremedlemmer og sekretær er til stades.
Styret praktiserer ansvaret sitt basert på vedtak i universitets- og fakultetsstyret, og innanfor dei lovene, forskriftene og reglane som til kvar tid gjeld..

Saker

Dei fleste sakene styret behandlar er regulerte i styrings- og administrasjonsreglementet ved instituttet

Styret behandlar

  • Årsplan og budsjett.
  • Overordna planar, prinsipp og prioriteringar for verksemda, nedfelt i langtidsplanar, som for eksempel strategisk plan og faglege prioriteringar for instituttet
  • Godkjenning av rekneskap og årsrapport er eit av instrumenta styret har for å følgje opp verksemda.
  • Den interne organiseringa i avdelingar, faggrupper osv. blir også behandla av styret, innanfor rammer som fakultetsstyret fastset.
  • Ved tilsetjingar av instituttleiar innstiller styret kven som bør tilsetjast. Innstillinga blir behandla av fakultetsstyret, som har avgjerdsmakt ved tilsetjingar
  • Innstillingar til faste og midlertidige faglege stillingar.
Publisert 8. okt. 2012 11:57 - Sist endret 14. mars 2013 09:41