Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk
print logo

Vi forsker på: Dataspelfilosofi

Dataspelfilosofi forsøker å hjelpe med filosofisk analyse av omgrep som blir tekne i bruk av forskinga på dataspel. Døme på slike omgrep er fiksjonalitet, simulering, virtualitet, spelreglar og leik, slik desse blir brukte i teoriar om dataspel.

Eit anna sentralt tema er å diskutere ålmenne filosofiske spørsmål som krev særskilte svar når dei blir reiste i samanheng med dataspel. Til dømes er dataspel kjenneteikna ved at ein deltakar har speling som mål og at dei handlingane ho utfører, ofte er retta mot representasjonar av omgjevnader. Dette gjer at spørsmål om kva som kjenneteiknar det som kan vurderast moralsk, personleg identitet, emosjonelle responsar og røyndomsstatus for rom, objekt og hendingar kan krevje svar som skil seg frå dei som blir gjevne i tradisjonell filosofi.

Sjølv om dataspelfilosofi adresserer filosofiske spørsmål, er feltet tverrfagleg og involverer både spelteoretikarar og tradisjonelle filosofar.

Forskningsprosjekter

Publisert 8. nov. 2010 09:51 - Sist endret 26. feb. 2013 13:23