Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk
print logo

Nevroteknologi, lov og rett

Medan det er eit medisinsk og vitskapleg spørsmål kva former for nevroteknologi som lèt seg utvikle og til kva bruk, er det eit filosofisk, juridisk og etisk spørsmål korleis vi bør bruke ulike former for ny nevroteknologi. ”Nevroteknologi” viser til den teknologiske bruken av moderne nevrovitskapleg forsking. Det kan dreie seg om bruk av maskiner som undersøkjer hjernen og måler hjerneaktivitet, eller om ulike måtar å påverke hjernen på, anten via farmasøytiske middel eller via meir direkte påverknad, så som elektromagnetisk induksjon gjennom skallen. Blant dei etiske problemstillingar knytte til bruk av nevroteknologi, er:

  • Er det legitimt å tilby og bruke ferdigheitsfremjande nevroteknologi for å auke intelligens, auke konsentrasjonsevna (til dømes til eksamen), osv?
  • Bør hjerneundersøkingar brukast i rettssalen dersom dei kan medverke til å avgjere om den sikta er strafferettsleg tilrekneleg?
  • Dersom presise teknologiar for ”tankelesing” eller løgndeteksjon baserte på hjerneaktivitet blir utvikla, kan det i nokon situasjonar vere tillate å bruke dei, det vere seg i rettssalen, med tanke på å identifisere terroristar, trygdemisbrukarar eller for andre føremål?

Forskningsprosjekter 

 

Publisert 8. nov. 2010 11:06 - Sist endret 11. mar. 2011 12:55