Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for filosofi, ide- og kunsthistorie og klassiske språk
print logo

Papyrologi

Bilde

Papyrologi er studiet av originale kjeldetekstar på papyrus og relaterte skriveunderlag (pergament, potteskår og tretavler) frå den greske og romerske antikken.

Det papyrologiske forskingsarbeidet består i å dechiffrere papyrustekstane og gje dei ut med omsetjing og kommentarar, slik at dei blir tilgjengelege for antikkforskarar (klassiskfilologar, religionshistorikarar, historikarar osv.) som har interesse av dei som kjelder, og for det ålmenne publikum.

Innhaldet i tekstane spenner frå dei litterære klassikarane (Homer, Herodot, Euripides, Menander osv.) til magiske tekstar, tekstbøker brukt i skulen, kristen litteratur, medisinske fagbøker, og ikkje minst dokument som vitnar om kvardagslivet (privat og offentleg korrespondanse, sals- og leigekontraktar, arbeidskontraktar, skattelister og skatteerklæringar, kvitteringar, arrestordrar, ektepakter, skilsmisseattestar, dødsattestar, horoskop og mykje anna).

I Oslo konsentrerer den papyrologiske forskinga seg om tekstar frå Universitetsbibliotekets papyrussamling. Tekstane kjem frå Egypt, er på gresk og daterer seg til perioden frå Aleksander den store si erobring av Egypt (332 f.Kr.) til arabarane si erobring av landet (641 e.Kr.).

 

Forskningsprosjekter

Publisert 8. nov. 2010 14:13 - Sist endret 11. mar. 2011 12:57