Drakthistorie fortel om bondesamfunn i fortida

Austnorske 1700-talsbønder var ikkje så lokale, bondske eller nasjonale i klesvegen som mange har trudd, fortel avhandlinga til Bjørn Sverre Hol Haugen.

I avhandlinga Virkningsfulle tekstiler – i østnorske bønders draktpraksiser på 1700-tallet undersøker Hol Haugen drakthistorie gjennom gjenstandar av fine ulltekstilar, som norske kulturhistoriske museum har bevart mange av.

– Kva er ditt viktigaste funn?

– Både bondemenn og bondekvinner kledde seg i eksklusive tekstilar, importert mellom anna frå England. Desse tekstilane virka inn på korleis bøndene kledde seg og tedde seg, og var med på å posisjonere bøndene i samfunnet dei var del av. Draktpraksisane eg har studert kryssa sosiale grenser og dei var kjønnsoverskridande.

– Kvifor ville du forske på dette?

– Eg har arbeidd lenge med drakthistorie, og endeleg fekk eg høve til å gjera eit djuptpløyande arbeid over tid. Det er stor interesse for denne delen av norsk kulturhistorie, men det er svært få som har formalisert kunnskapen sin. Eg er tilsett som konservator ved Anno museum i Hedmark, og er fyrste stipendiaten som museet har finansiert.

Kombinasjonen av gode arbeidsvilkår og lidenskapeleg interesse for drakthistorie har vori eit fantastisk grunnlag for avhandlingsarbeidet. For å gjera emnet relevant for fleire, valde eg å sjå på importtekstilar som er lite utforska før, og ved å gå tett på gjenstandane og nytte dei som kjelde i kombinasjon med nyare kulturteori, fekk eg vist korleis museumssamlingar kan aktiviserast på nytt.

– Kva vonar du forskingsresultata skal bidra til?

– Draktforskarar vil vonleg finne nye, friske analyser i arbeidet mitt. Og museumskollegaer bør fatte interesse for korleis eit gjenstandsmateriale kan aktiviserast i ei vitskapleg avhandling. Men i tillegg har avhandlinga overføringsverdi.

Det er ikkje til å komma frå at 1700-tallsgjenstandar som fins i dag, faktisk fantes, og saman med 1700-tallsmenneske var del av praksisar i ei stadig fjernare fortid. Det ligg ein skilnad her, mellom å handtere tinga som ting, og å studere tinga gjennom tekst.

Publisert 3. feb. 2015 13:20 - Sist endret 19. feb. 2018 15:22