English version of this page

Autoritær inklusjon? Moderne autoritære regime sine politiske verdimønster og inklusjonsformlar

Dette prosjektet undersøker ulike måtar autoritære samfunn handtera den aukande nødvendigheita av individuell politisk inklusjon i dagens verdenssamfunn. 

Om prosjektet

“Autoritær inklusjon?” basera seg på både djuptgåande områdestudie og ein innovativ teoretisk tilnærming til komparative studie av autoritære regime grunna i statsvitskap og sosiologi. Framfor alt skal prosjektet undersøke korleis autoritære regime handtera krava om individuell politisk inklusjon, som ei fylgje av moderniteten.

Prosjektet tek utgangspunkt i stude av fastlandskina og den sokalla Greater China region og vil seinare utvide det empiriske grunnlaget til andre dele av verden.

Mål for prosjektet 

  • Å utvikle teoretiske og analytiske verktøy i studie av moderne autoritære samfunn sui generis, i alle sine forme, side og dynamikk.
  • Å beskrive og analysere politiske fenomen og observerbar dynamikk «under» den autoritære nasjonsstaten som analytisk objekt på fleire nivå. Til dømes grasrota/samfunn, til det nasjonale og global, og i ulike horisontale undersystem, til dømes partia og masseorganisasjonar, offentleg administrasjon/byråkrati. 

Støtte og mellombels tidsplan

Prosjektet har motteke støtte frå IKOS og HFs karrierebyggande tiltak på UiO (2016-2020).

Søknad om støtte frå Noregs forskingsråd og Det europeiske forskingsråd er òg under førebuing.  

I den undersøkande fasen (2017-2018) vil det teoretiske rammeverket verte fastsett og dei fyrste djuptgåande analysane av Kina/den kinesiske regionen verte utført.

Seinare vil meir transregionale/globale komparative perspektiv verte inkludert (ideelt sett tilrettelagt med meir forskningsstøtte (2019-2024)).

Samarbeidspartner

Forum Internationale Wissenschaft, Universitetet i Bonn. 

Publikasjoner

Ahlers, Anna L. and Rudolf Stichweh (2017) “The Bipolarity of Democracy and Authoritarianism: Value Patterns, Inclusion Roles and Forms of Internal Differentiation of Political Systems”, FIW Working Paper No. 9, University of Bonn. [PDF] 

Publisert 22. mars 2017 11:56 - Sist endret 21. sep. 2017 15:36

Kontakt