Bjørn Sverre Hol Haugen er tilsett som fyrsteamanuensis II i kulturhistorie og museologi

Hol Haugen har doktorgrad i drakthistorie, og skal undervise masterstudentar i museologi og kulturarv.

Bjørn Sverre Hol Haugen (Foto: Olaf Christensen)

Hol Haugen er utdanna etnolog og kulturhistorikar frå UiO. Doktorgradsavhandlinga hans handlar om drakthistorie hjå nokre norske bønder på 1700-talet.

– Eg studerte korleis ein spesiell type tekstilar vart populære og prega draktpraksisane til både bondekvinner og bondemenn, fortel Hol Haugen. Hovudoppgåva mi handla om ein type gardshus i Eidsvoll, og dette syner korleis dei materielle sidene ved kulturhistoria har vori sentrale for meg. Tvers gjennom studia mine går også ein tanke om forhaldet mellom kulturhistorie og museumssamlingar.

Allsidig museumsarbeid

Hol Haugen har arbeidd i norske museum og med kulturarvspørsmål i 20 år, og har nå hovudarbeidet sitt ved Anno museum i Hedmark. – Der koordinerer eg både eiga og dei andre konservatorane si forsking, i tillegg til at dagane er fulle av allsidig museumsarbeid, seier han.

– Eg tek med meg museumspraksisen min inn i arbeidet ved IKOS, der eg nå underviser masterstudentar i museologi og kulturarv, seier han vidare. Saman med studentane vil eg diskutere korleis musea og kulturarvsektoren er sett i hop og fungerer. Gjennom masterstudiet skal studentane både bli kompetente til å arbeide i dei museums- og kulturarvinstitusjonane som finst i dag, og dei skal utvikle museums- og kulturfeltet vidare. Det arbeidet gler eg meg over å få vera med på, avsluttar Hol Haugen.

Av Ellen Evju Jahr
Publisert 7. nov. 2016 14:05 - Sist endret 22. nov. 2017 12:56