Vi forsker på: Arabisk

 Arabisk er eit av dei viktigaste kulturspråka i verda. Det er islams 'heilage' språk, med ein lang tradisjon ikkje berre i arabiske land, men over heile den muslimske verda der arabisk har vore brukt innanfor religion, vitskap og litteratur blant persarar, tyrkarar, indarar, afrikanarar og mange andre i over tusen år. Også arabiske kristne og jødar har medverka til den arabiske kulturarven.

I dag blir arabisk snakka, i lokale variantar, som morsmål av fleire enn 200 millionar menneske, særleg i Midtausten og Nord-Afrika. Arabisk har dessutan stor verdi verda over som islams liturgiske språk – i følgje islam vart den siste og endelege bodskapen frå Gud til menneskeætta, Koranen, openberra på arabisk til profeten Muhammad på 600-talet. I dag er arabisk også eit av dei seks offisielle språka i FN. Kjennskap til arabisk er viktig i dei politiske og sosiale diskusjonane i vår tid.

Forskningsprosjekter

Se også

Senter for islam- og midtøstenstudier


 

Publisert 3. nov. 2010 14:00 - Sist endret 14. juni 2017 11:23