Vi forsker på: Hebraisk

Hebraisk er eit semittisk språk i den afro-asiatiske språkfamilien. Det blir brukt av meir enn sju millionar menneske i Israel og jødiske samfunn verda rundt.

Hovuddelen av Tanakh, den hebraiske Bibelen som i hovudtrekk svarer til det kristne Gamle Testamente, vart opphavleg skriven på klassisk hebraisk. Mykje av den noverande forma er skriven på dialekten bibel-hebraisk, som ein trur vart snakka 500 f.Kr.

Etter 100-talet e.Kr., då Romerriket fordreiv den jødiske befolkninga i Jerusalem, opphøyrde hebraisk gradvis å vere talespråk, men det vart verande eit viktig skriftspråk. Brev, kontraktar, vitskap, filosofi, medisin, poesi og lover vart skrivne på hebraisk.

Hebraisk vart gjenoppliva som eit litterært og forteljande språk av haskala-rørsla frå slutten av 1700-talet. Ved slutten av 1800-talet byrja den jødiske språkforskaren Eliezer Ben-Yehuda under påverknad av sionismen, og i eit miljø i det noverande Israel der sefardisk hebraisk alt var veletablert som handelsspråk, å gjeninnføre hebraisk som familiespråk og som eit moderne tale- og skriftspråk.

Moderne hebraisk vart eit offisielt språk i det britisk-styrte Palestina i 1921, saman med engelsk og arabisk, og vart så i 1948 eit offisielt språk i den nyoppretta staten Israel.

Se også

Senter for islam- og midtøstenstudier

Publisert 3. nov. 2010 13:54 - Sist endret 14. juni 2017 11:26