Vi forsker på: Japan

Japan var den fyrste ikkje-vestlege nasjonen som utvikla seg til ein moderne stat og utfordra hegemoniet i vesten. Trass i ein nærast total mangel på naturressursar har landet verdas 3. største økonomi og er leiande på verdsbasis i mange felt. Samstundes ligg det i front også for på mindre oppløftande måtar; mange har spådd at problema som rammar Japan i dag gjev ein forsmak på kva også andre post-industrielle samfunn kan ha i vente.

For ikkje lenge sidan var den stereotype japanaren ein ”salary man” i slips, med talent for å kopiere og selje rimeleg; i dag blir landet heller assosiert med teknologisk spisskompetanse og ulike former for populærkultur av det meir kreative slaget. Samstundes har landet ein unik kulturarv, med ein eigen vri på impulsar frå både Aust- og Sør-Asia, Europa og USA. Japan kombinerer det kjende med det framande i eit fascinerande mylder av gamle og nye uttrykk som ein ikkje finn maken til mange andre stader.
 

Forskningsprosjekt

 

Publisert 12. nov. 2010 08:39 - Sist endret 22. nov. 2017 12:25