Vi forsker på: Kina

Kina er den mest folkerike staten i verda, og kinesisk er det mest talte morsmålet i verda. Innverknaden Kina har for resten av verda aukar i høg fart. Det meste av det vi kjøper, er no ”made in China”, og Kina står sentralt i kampen mot terrorisme, atomkrig, miljøkatastrofe og økonomisk krise. Vi har lenge ete kinesisk mat, men no kjem også kinesisk film, medisin, musikk, filosofi og skuggeboksing. Kina er i ferd med å gjenvinne sin historiske plass som sentrum i verda, Midtens rike. Det er stor spenning knytt til den politiske utviklinga i Kina.

Kina er også den eldste framleis eksisterande sivilisasjonen i verda. I mange hundreår var landet verdas mest avanserte, både i teknologisk, økonomisk og kulturell forstand. Kinesarane fann blant anna opp papir, krut, kompass, kjemisk krigføring, negative tal, pengesetlar, porselen, fyrverkeri og dopapir.

Kinas befolkning består av 92 prosent han-kinesarar, medan resten tilhøyrer ulike minoritetar, deriblant koreanarar, tibetanarar, mongolar, thai-folk, zhuang, uighurar og hui-muslimar. Kina femnar også om dei tidlegare europeiske koloniane Hongkong og Macao, som framleis har eige styresett, eigen grensekontroll og eiga mynteining. Kina gjer også krav på Taiwan, der det i hovudsak bur etniske kinesarar, og som var del av Kina før 1895 og i 1945-49.
 

Forskningsprosjekt

Publisert 3. nov. 2010 10:19 - Sist endret 14. juni 2017 13:47