Vi forsker på: Korea

Den koreanske halvøya er ein unik stad der ein finn ein etnisk nasjon, nemleg koreanarane, og to ulike statar som samstundes er både like og ulike. Sør-Korea er eit relativt demokratisk samfunn og ein av motorane i verdsøkonomien. Landet er særleg dominerande i slike sektorar som skipsbygging, bilproduksjon og mobiltelefoni.

Nord-Korea har eit autoritært styresett som på mange måtar liknar på det tradisjonelle, konfutsianske monarkiet, og er kjent som det fattigaste landet i Nordaust-Asia. Men trass i ulikskapane, har landa også mykje til felles. Til dømes er utdanning viktig for den sosiale mobiliteten i båe land, og militærplikt fungerer som den viktigaste sosialiseringsmekanismen for alle koreanske menn, same kva for eit Korea dei lever i.

Korea er likevel også ein gammal kulturnasjon som har evna til å produsere kulturelle produkt som både er av høg kvalitet og appellerer til dei breie massane av forbrukarar. Sør-Korea produserer filmar som vinn prisar på filmfestivalen i Cannes, og både sør-koreansk popmusikk og drama er veldig populært blant unge kinesarar og søraustasiatar. For mange av dei er Sør-Korea ålment eit attraktivt moderniseringsførebilete.

 

Publisert 12. nov. 2010 12:54 - Sist endret 14. juni 2017 13:48