Vi forsker på: Sanskrit

Sanskrit er det viktigaste av dei klassiske språka i India. Det er eit av dei eldste litteraturspråka i verda og har i noko skiftande former vore i kontinuerleg bruk i om lag 3000 år. Den tidlegaste perioden i sanskritlitteraturen blir kalla vedisk. Denne omfattar dei fire store tekstsamlingane Rigveda, Samaveda, Yajurveda og Atharvaveda. I tillegg til desse kjem store mengder ritualtekstar, såkalla brahmanas, og spekulative filosofiske tekstar, upanishadar.

Klassisk sanskrit var utbreidd i perioden frå om lag 400 f.Kr. til om lag 1200 e.Kr. Også buddhistar og jainaer brukte etter kvart sanskrit som litteraturspråk, og dei har etterlate seg ein svært stor litteratur på dette språket. Sanskrit er framleis i bruk i nokre indiske miljø, og eit lite tal indarar meiner at dei har sanskrit som morsmål. Språket har alltid hatt stor prestisje og symbolsk meining for hinduar. Hinduistiske versjonar av nyindiske språk hentar ofte lånord frå sanskrit. Språket har såleis stor innverknad på ordtilfanget i eit språk som hindi. Sanskrit er eit indo-europeisk språk som er med i den indo-ariske greina av språkfamilien og i slekt med vestlege språk som gresk, latin, russisk og gammalnorsk.

Sanskrit er nøkkelen til mykje av den klassiske kulturen i India og står heilt sentralt i den historiske utforskinga av hinduismen.

Nettverk

Nordic Forum for South Asia

Publisert 21. okt. 2010 12:11 - Sist endret 14. juni 2017 13:59