Vi forsker på: Semittisk

Semittiske språk (frå det bibelske namnet «Shem») er ei språkgruppe med opphav i Midtausten, eit område med stor politisk, kulturell og religiøs dynamikk som er fagleg spennande på mange nivå. Språkgruppa femnar om nokre av dei mest berømte språka i historia og litteraturen, og nokre av dei språka med den lengste kjende historia.

Semittiske språk var utbreidde i Midtausten i tidleg historisk tid. Seinare har dei spelt ei avgjerande rolle i området, samstundes som dei også har spreidd seg til Afrika. Dei etiopiske språka oppstod då folk utvandra frå det sørlege Arabia til dagens Etiopia. Arabisk har med tida spreidd seg til store delar av det nordlege Afrika der det i dag er morsmål for mange, og av andre brukt som kommunikasjonsspråk. Språket med flest brukarar i dag er arabisk (om lag 270 millionar), etterfølgt av amharisk (om lag 21 millionar), hebraisk (om lag 5,5 millionar) og tigrinja (om lag 4,5 millionar brukarar).

Eit av dei viktigaste kjenneteikna ved semittiske språk er at mange ord i utgangspunktet består av ei rot med nokre få konsonantar, vanlegvis tre, som blir bøygd ved at ulike vokalar blir sette inn, og at ein føyer til ulike prefiks og suffiks.

Se også  

Senter for islam- og midtøstenstudier

 

Publisert 21. okt. 2010 12:12 - Sist endret 23. nov. 2017 12:48