English version of this page

Vi forsker på: Tibet

Tibet har i dag status som autonom region (TAR) i Folkerepublikken Kina. Talet på tibetanarar busette i Kina er omstridd. I følgje offisiell kinesisk statistikk er talet 4,6 millionar, og under halvparten av desse bur i TAR, medan resten finst i andre kinesiske provinsar. I overkant av 100.000 tibetanarar bur i Sør-Asia, primært i India, og i Vesten. I følgje dei tibetanske eksilstyresmaktene er det totale talet tibetanarar om lag 6 millionar.
Tibetansk buddhisme er ein sterk og levende religiøs tradisjon i tibetanske område i Kina og delar av nabolanda. Saman med Zen-buddhismen er tibetansk buddhisme den buddhistiske retninga som har fått størst utbreiing i Vesten.

Buddhismen kom til Tibet på 600-talet e.Kr., fyrst og fremst frå India. Han tok opp i seg lokale religiøse tradisjonar og vart til det vi kallar tibetansk buddhisme. Tibetanarane overtok eit indisk alfabet for å omsetje buddhistiske tekstar og til praktisk bruk i administrasjonen i landet, og dette blir framleis brukt i dag. Mykje av den buddhistiske litteraturen som gjekk tapt i India, finst i dag i tibetanske omsetjingar, og tibetansk er derfor eitt av dei viktige språka i studiet av buddhismen.

Frå det 11. hundreåret har også tibetanarane forfatta sin eigen buddhistiske litteratur som består av historiske, biografiske og liturgiske tekstar, kommentarar, meditasjonstekstar, poesi, grammatikk og filosofi, og frå det 20. hundreåret av også sekulær litteratur som består av poesi, romanar og noveller.

Tibetanarar i og utanfor Tibet har tibetansk språk som morsmål; tibetansk har i tillegg stor utbreiing som liturgisk språk i heile det tibetansk-buddhistiske kulturområdet. Tibetansk kultur og språk er i dag under sterkt press.

Relevante lenkjer

Network for University Co-operation Tibet - Norway

 

Publisert 17. nov. 2010 15:42 - Sist endret 22. okt. 2015 14:40