Vi forsker på: Tyrkisk

Tyrkisk, nasjonalspråket i Tyrkia, blir snakka av om lag 70 millionar menneske, og inngår saman med azeri og turkmensk i den sør-vestlege greina av den tyrkiske språkfamilien. Tyrkiske språk, som tradisjonelt blir snakka over eit stort område frå Egeerhavet i vest til Sibir i aust, har opphavet sitt i det austlege Sentral-Asia. Religiøse og kulturelle forhold har ført til at dei fleste tyrkiske språka inneheld eit sterkt islett av arabiske og persiske ord.

I moderne Tyrkia-tyrkisk, som er vorte skrive med latinsk alfabet sidan 1928, er dette framande elementet sterkt redusert i forhold til dei austlege tyrkiske språka og i forhold til osmansk-tyrkisk, det tidlegare skriftspråket i Tyrkia.

Ved sida av den eigenverdien tyrkisk har som eit fascinerande språk med ein heilt unik struktur, er språket også ein naturleg innfallsport til forståinga av tyrkiske språk i den tidlegare Sovjetunionen, eit område som får stadig større internasjonal aktualitet som økonomisk satsingsområde. Tyrkia har dessutan ein spennande moderne litteratur og kultur, som er sterkt prega av at landet i uminnelege tider har vore ei bru mellom aust og vest.

Se også  

Senter for islam- og midtøstenstudier

Publisert 4. nov. 2010 09:07 - Sist endret 22. nov. 2017 13:10