print logo

ILNytt 111- 17. januar 2011

Noen saker i denne utgaven:

- Leder

- Nå skal alle bruke HR-portalen

- Forskning: Viktige frister

- Fast spalte: Min språkbaby

...og flere saker inni avisen!

Ord frå botnen

D’er best å spara frå Loket; d’er seint når ein ser Botnen.

Desse orda av Ivar Aasen, henta frå Ivar Aasen-almanakken 2011, er ein passande kommentar til dei økonomiske tilhøva ved instituttet. Men vi trur at vi har sett botnen, så no kan det berre gå oppover. Og vi vert aldri så fattige at vi ikkje kan ta ein velfortent pust i bakken. Takk til alle som var hjarteleg til stades på instituttfesten fredag!

Den første store saka i 2011 er strategisk plan for instituttet. Vi legg ut eit utkast på nettet i neste veke, og så vil vi ha allmøte med diskusjon om planen måndag 31. januar. Den endelege planen vert vedteken på styremøtet den 14. februar.

På undervisningssida tyder førebelse opptakstal på at vi held fram med den positive trenden frå haustsemesteret. For at vi skal halde på studentane og rekruttere godt i semestra framover, er vi mellom anna avhengige av ny rekruttering til lærarstaben etter dei som går av, og sikring av kvaliteten i emna våre. Studiekonsulentane legg no etter kvart ut evalueringar på dei ulike emnesidene. I løpet av året vil fagmiljøa revidere emnepresentasjonane slik at til dømes læringsutbytet og det vi lovar studentar som arbeider jamnt og godt, kjem tydeleg fram.

 

Bente              Lasse              Bente Ailin                 Gro

 

 

 

Publisert 17. jan. 2011 15:42 - Sist endret 19. mar. 2012 11:12