Aasen på app

Få ein dagleg dose av fyndige visdomsord med applikasjonen Dagens Aasens-ord.

Innovativt samarbeid. Dagfinn Worren og André Lynum. Foto: Vibeke Enstrøm Nøkling.

I år er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Som ein hyllest til språkbyggjaren har dei to kollegane Dagfinn Worren og André Lynum, i lag med designar Thomas Portilla (Informatikk), samarbeidd om å lage applikasjonen Dagens Aasen-ord.

Appen er ein elektronisk almanakk med eit ordtak for kvar dag henta frå Norske Ordsprog av Ivar Aasen, og han er gratis tilgjengeleg for iPhone og Android.

Worren, ein av hovudredaktørane for Norsk Ordbok 2014, har vore redaktør for tekstane i Dagens Aasen-ord, som han var det for Ivar Aasen-almanakken.

Ivar Aasen-almanakken kom ut på papir i seksten utgåver frå minneåret 1996 for Ivar Aasen (1813-1896).

Tenesta er gratis tilgjengeleg for iPhone og Android. Foto: Vibeke Enstrøm Nøkling.

- Ordtaka har den originale forma slik Ivar Aasen la dei fram i 1881-utgåva. På den måten er både den poetiske og estetiske krafta i utforminga tatt vare på, på same tid som dei kvardagsnære og tankemetta seiemåtane er lett tilgjengelege, forklarar Worren.

Programutviklinga har Lynum stått for, medan Portilla, har hatt hand om den grafiske utforminga.

Folkeminnegranskar

Ivar Aasen var ikkje berre språkgranskar, men òg folkeminnegranskar.

Heilt uavhengig av at norsk skriftspråk då var dansk, hadde vi ein levande tradisjon med fyndige formuleringar og ordtak som levde på folkemunne opp gjennom hundreåra. Desse ordtaka samla Aasen inn på ferdene sine rundt om i landet.

- Ordtak er folkelege fyndord i ein velklingande stil, fortel Worren.

På kvinnedagen åttande mars, har Worren valt dette ordtaket:

Manns Vilje er ingen Lands-rett.

Norske Ordsprog er det største folkeminnearbeidet Aasen gav ut.

Av Vibeke Enstrøm Nøkling
Publisert 20. feb. 2013 14:35 - Sist endret 8. juni 2023 09:50