Språkleg trim kan bremse demens

Bruker du to språk jamleg, kan du ha eit fortrinn om du blir ramma av demens. Forskarar skal no studere koplingar mellom alderdom, demens og språk.

Eldre med risiko for å utvikle demens kan ha eit fortrinn av å snakke to språk. (Illustrasjonsfoto: UiO/Nadia Frantsen)

Om lag 70.000 nordmenn har ein demenssjukdom, og talet er venta å stige. Demens inneber endringar i mellom anna hugseevne, språk, personlegdom, åtferd og handlingsevne. Den vanlegaste demenssjukdomen er Alzheimers sjukdom.

Den kanadiske forskaren Ellen Bialystok fekk internasjonal merksemd då ho i 2007 la fram resultat som tyda på at menneske som jamleg brukar to språk, utviklar demenssymptom fire til fem år seinare enn einspråklege.

No skal forskarar ved Senter for flerspråklighet, Humanistisk fakultet, utforske dette og fleire andre spørsmål i det nye prosjektet MultiLing Dementia: Demens hos flerspråklige.

– Meir kunnskap om korleis demens opptrer blant tospråklege kan vere nyttig i eldreomsorga, seier professor Hanne Gram Simonsen.

– Ellen Bialystok gjorde undersøkingar i Canada, andre forskarar har gjort tilsvarande undersøkingar i India, og begge stader tyda resultata på forseinka demenssymptom hos tospråklege. Men temaet er mykje diskutert. Vi vil gjere undersøkingar i Noreg, seier professor Hanne Gram Simonsen.   

Frå born til eldre

Når det gjeld born, er forskarar relativt sikre på at det å vere tospråkleg har fordelar. Å bruke to språk jamleg er kognitivt utfordrande, og borna får trena hjernen på ein annan måte enn andre born. Dei har betre eksekutiv-funksjon, som mellom anna inneber at dei er flinkare til å veksle perspektiv og ha selektiv merksemd. Det er lettare for tospråklege born enn for andre born å føre merksemda til det relevante, i staden for å bli distraherte av mindre viktig informasjon.

Når nyare forsking har tyda på at også eldre har fordelar av å bruke to språk jamleg, er dette likevel framleis diskutert, ifølgje Simonsen.

– Studiane som har blitt gjort tydar på at tospråklege utviklar demenssjukdom like ofte som andre, men at symptoma kjem seinare. Ein trur at også dette heng saman med eksekutiv-funksjonen i hjernen. Truleg har eldre tospråklege oppøvd heilt spesielle evner. Dei har rett og slett fått meir hjernetrim, seier ho.

Demens rammar sjølve hjernestrukturen. Sannsynlegvis blir ein- og tospråklege ramma av sjukdomen på same tidspunkt i livet i gjennomsnitt, men det ser ut til at tospråklege har ein slags kognitiv reserve som utset symptoma.

Kan bli nyttig for eldreomsorga

– Vi startar opp for fullt frå sommaren av med to nye stipendiatar, seier prosjektleiar Jan Svennevig. Forskarane vil mellom anna studere korleis språk vert lagra og prosessert hos eldre einspråklege og fleirspråklege personar med og utan demens. 

Saman med professor Jan Svennevig, som er prosjektleiar, skal Simonsen og fleire kollegaer ved MultiLing - Senter for flerspråklighet [SP2] sjå nærare på kva som skjer med språket til aldrande nordmenn, både tospråklege og einspråklege, demente og friske.

Korleis leitar dei fram ord når dei treng dei? Kva strategiar brukar demente for å bli forstått i samtalar med andre? Og er det faktisk slik at det er ein fordel å vere tospråkleg, viss ein blir ramma av demens? Ved å samanlikne tospråklege med einspråklege vil forskarane kunne få eit bilete av kor vidt, og korleis, gruppene skil seg frå kvarandre.

– Sidan vi i dag veit lite om korleis demens opptrer blant tospråklege, trur vi at dette prosjektet kan gje oss informasjon som mellom anna er nyttig i eldreomsorga. Til dømes veit vi ikkje om ein innvandra pakistanar mistar det eine språket raskare enn det andre, og i så fall kva for språk som forsvinn først, seier Simonsen.

I 2040 reknar ein med at nesten halvparten av innbyggjarane i Oslo vil ha innvandrarbakgrunn. Og delen eldre blant oss, aukar.  

Hjelper skuleengelsken oss?

I ein del av prosjektet vil forskarane studere språket hos vaksne som har norsk som morsmål, men som har lært engelsk frå barneskulealderen av og som brukar begge språka jamleg. Denne gruppa veit ein svært lite om. Her vil dei ikkje berre sjå på eldre, men òg på yngre og middelaldrande språkbrukarar.

– Stadig fleire har eit andrespråk som dei har lært i skulealder, ettersom bruken av engelsk i ikkje-engelskspråklege land aukar. Det vil vere interessant å finne ut om dette gjev same kognitive gevinst som å lære to språk i tidleg alder, der andrespråket er dominerande i samfunnet omkring, seier Hanne Gram Simonsen.

Som del av prosjektet vil forskarane også undersøke korleis vi i samfunnet snakkar og skriv om tema som aldring, sjukdom, kommunikasjon og demens.

Prosjektet har nettopp fått støtte frå Noregs Forskingsråd. Eit pilotprosjekt er allereie i gang, mens sjølve prosjektet vil gå over tre år med oppstart til sommaren.

Av Silje Pileberg
Publisert 10. mars 2016 09:16 - Sist endret 13. des. 2016 12:53