Forsiden UiO Det humanistiske fakultet Institutt for lingvistiske og nordiske studier
print logo

Disputas: Livshistorier i skuggen av Nordahl Rolfsen

Cand.philol. Sveinung Nordstoga ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier vil forsvare si avhandling for graden philosophiae doctor (ph.d.): Livshistorier på landsmål. Andreas Austlids Lesebok for folkeskulen - eit lesebokprogram blir realisert

Sveinung Nordstoga

Sveinung Nordstoga

Avhandlinga Livshistorier på landsmål. Andreas Austlids Lesebok for folkeskulen – eit lesebokprogram blir realisert, skrive av Sveinung Nordstoga,  handlar om den fyrste leseboka på landsmål som kom i tre bind i tida 1902 - 1906.  Mest som ei moderne form for sjølvbiografisk iscenesetjing  hentar Austlid mykje av stoffet sitt frå livet til vanlege folk, i tillegg til boklege og skriftlege kjelder. Han går ut i aviser og ber folk sende inn sine livshistorier – opplevingar som har gjort eit varig inntrykk. Austlids grunngjeving byggjer på eit grundtvigiansk syn på kva for tekstar elevane burde lesa. Ideen til leseboka fekk han då han dreiv alternativ konfirmasjonsundervisning der både han og elevane fortalde om episodar i liva sine. Austlids eigne historier er også med i verket.

Leseboka er ulik andre lesebøker i samtida pga. dei personlege livshistoriene. Til og med i ein nordisk samanheng skil verket seg ut.

Det blir sagt at Nordahl Rolfsens lesebok er det verket som er lese av flest nordmenn, bortsett frå Bibelen.  Austlids lesebok kan slik sett ikkje måle seg med Rolfsen, men den er eit markant og annleis  landsmålsalternativ, og blir trykt i eit fyrsteopplag på 30 000.  Austlid når ut til mange norske klasserom  og legg eit viktig grunnlag for det nynorske kulturfellesskapet. Leseverket seier mykje om innhaldet i norsk nasjonsbygging, ikkje berre innafor nynorskverda, men allment i norsk kulturhistorie.

Tid og stad for prøveforelesning

Torsdag 20. oktober 2011, kl. 16.15, i auditorium 5, Eilert Sundts hus, Blindern: “Grundtvigianismen i Norden: Ei vurdering av verknader på nasjonal leseopplæring og rolla til morsmålsfaget i nasjonsutviklinga.”

 

Bedømmelseskomité

  • Forskardoktor Derek Fewster, Helsingfors universitet (andreopponent)
  • Førsteamanuensis, Ingeborg Kongslien, Universitetet i Oslo (administrator)
  • Professor Bjørn Kvalsvik Nicolaysen, Universitetet i Stavanger (førsteopponent)

Leiar av disputas

Professor Liv Bliksrud

Rettleiar

Publisert 9. sep. 2011 16:49 - Sist endret 16. okt. 2011 14:13