GRAMINO 2018

Konferansen Grammatikk i Norden 2 (GRAMINO) vert arrangert i Oslo 15.-16. mai 2018. Tidspunktet er slik at deltakarane kan velje å vere over til neste dag, som er 17. mai og Noregs nasjonaldag, ein festdag som særleg på føremiddagen har mykje å by på.

Vi reknar med at GRAMINO 2018 vil ha om lag 30 deltakarar med eigne foredrag og plakatpresentasjonar. Dessutan er det tre innbodne forelesarar:

Elisabet Engdahl (Göteborgs Universitet)

Dag Haug (Universitetet i Oslo)

Caroline Heycock (University of Edinburgh)


Formålet med konferansen er å samle forskarar som undersøker grammatiske forhold i nordiske språk (dansk, færøysk, islandsk, norsk, svensk, älvdalsk og relevante dialektar). Konferansen tek i mot alle former for grammatisk forsking.

  • Formell eller funksjonell grammatikk
  • Synkron eller diakron grammatikk
  • Talespråk eller skriftspråk
  • Dialektar eller standardspråk
  • Fyrste- eller andrespråkslæring
  • Syntaks, morfologi, fonologi, semantikk eller pragmatikk

Det vil verte både foredrag og plakatpresentasjonar. Foredraga skal haldast på dansk, norsk eller svensk, men bidrag om nordiske språk på engelsk vert også godkjende.


Den fyrste GRAMINO, i 2016, vart halden på Göteborgs universitet.


Støttespelarane vert publiserte på denne sida seinare.

Publisert 17. feb. 2017 09:12 - Sist endra 5. okt. 2017 10:06