Kognitiv lingvistikk
Hovudmålet til forskargruppa i kognitiv lingvistikk er å teste kognitive lingvistiske hypotesar i lys av forskingsdata frå fleire språk, å skaffe oppdaterte og kognitivt baserte teoretiske innsikter og reiskapar for leksikografar og forfattarar av grammatikkar og lærebøker og å hjelpe til med å vidareutvikle det kognitive forskingsmiljøet ved Det humanistiske fakultet.
Om kogntitiv lingvistikk
Kognitiv lingvistikk er eit knippe lingvistiske teoriar som alle byggjer på desse hypotesane:
Hjernen er interaktiv og ikkje-modulær
- Hjernen er interaktiv og ikkje-modulær
- Språkleg kunnskap er eit særtilfelle av generell kunnskap
- Språklege strukturar kan forklarast med utgangspunkt i allmenn kognisjon
Tyding og kategoriar står sentralt
- Kognitiv lingvistikk fokuserer på tyding, sidan tyding er det språk handlar om.
- Studiet av språk er i stor grad det same som studiet av kategoriar. Kategoriar har i stor grad prototypisk struktur.
Grammatikken er eit maksimalistisk nettverk av symbolske strukturar
- Språket har strukturar av tre slag: fonologiske, semantiske og symbolske, der dei siste er kombinasjonar av fonologiske og semantiske strukturar.
- Leksikon, morfologi, og syntaks utgjør eit kontinuum av symbolske strukturar.
-
Symbolske strukturar i alle storleikar – morfem, ord, frasar, setningar osb. – er bundne i hop i eit sterkt redundant maksimalistisk mentalt nettverk.
Prosjekt
ASKeladden - Morsmålstransfer i norsk innlærerspråk - en korpusbasert tilnærming (prosjektets webside)
Ressursar
NORKOG - Norsk forening for kognitiv lingvistikk
Publisert 23. aug. 2010 16:11
- Sist endret 18. apr. 2011 13:42