Namnegransking (forskergruppe)

Denne forskargruppa arbeider med namnegransking, det vil seie studiet av stadnamn, personnamn og andre namn.

Kva gjer vi?

Forskargruppa arbeider med ulike emne innanfor faget, slik som stadnamn, særleg bustadnamn, personnamn og andre namnetypar. Vi arrangerer konferansar og symposium med lengre mellomrom.

Vi har elles eit breitt samarbeid med kollegaer ved andre norske og utanlandske fagmiljø og dessutan med ulike brukargrupper som Språkrådet og Statens kartverk.

Publisert 23. aug. 2010 16:11 - Sist endret 31. mai 2016 22:13