English version of this page

Akademisk språkbruk i Norden

LUNAS-nettverket (Language Use in Nordic Academic Settings) er eit nordisk nettverk støtta av Nordplus Nordiske Sprog-programmet. Prosjektet skal arbeida med akademisk språk og utvikla akademiske korpus og ord- og fraselister for dansk, norsk og svensk.

Nettverket var aktivt i perioden 2013-2017.

En stabel med bøker. Foto.
Foto: Wikimedia.

Om gruppen

Det skandinaviske forskarnettverket LUNAS blei etablert i 2013 med føremål å laga ei felles skandinavisk ramme kring komparative forskingsprosjekt som gjeld akademisk språkbruk på svensk, dansk og norsk. LUNAS-nettverket er ein plattform for å koordinera dei nasjonale prosjekta, og intensjonen er å forska i korpus over akademiske tekstar og ord- og fraselister på dei tre skandinaviske språka.

Planen er å utvikla fritt tilgjengelege, søkbare tekstdatabasar med søkjefunksjonalitet som gjer det mogleg å søkja på tvers av dei nemnde språka. Databasane skal brukast i akademisk utdanning i dei tre landa, og målet er å gje studentar ein reiskap til å kunna forstå det sentrale ordforrådet i akademia.

Intensjonen er at ei slik ordliste skal dekkja den delen av det akademiske ordforrådet som er felles for alle universitetsfag, eller i det minste for mange av faga. Lista skal altså ikkje omfatta fagspesifikk terminologi, og ho skal heller ikkje dekkja allmennspråket (eller allmenne tydingar av ord som har fått ei spesialtyding i akademisk tekstproduksjon).

Tiltaket vil støtta opp om bruk av norsk språk som forskings-, undervisnings- og studiespråk på alle nivå i utdanningssystemet.  Tilgjenge til parallelle akademiske ord- og fraselister på dei skandinaviske språka vil dessutan bidra til å styrka alle dei nordiske språka i ulike akademiske samanhengar, og demma opp for bruk av engelsk som akademisk lingva franca også mellom studentar og forskarar frå dei nordiske landa.

LUNAS-nettverket fekk i 2013 midlar frå NORDPLUS Nordiske språk-programmet for nettverkssamarbeid i perioden 2013 tom 2017.

Les om nettverket på Center for Internationalisering og Parallelsproglighed, Københavns Universitet (cip.ku.dk, dansk side).

Akademisk ordliste - bokmål

Den norske delen av prosjektet har ikkje vore fullfinansiert, men har starta opp i det små ved hjelp av ei lita løyving frå forskningskomiteen ved ILN og med eigenfinansiering. Resultatet er ei akademisk ordliste på 750 ord for bokmål. Arbeidet med den nynorske delen manglar framleis finansiering.

Les meir om ordlista (tekstlab.uio.no)

Arbeid i nabolanda

Dei svenske nettverksdeltakarane frå Göteborgs Universitet er komne lengst i arbeidet med akademiske korpus og ordlister, sjå:

 

Publisert 27. okt. 2016 11:25 - Sist endret 10. mars 2023 16:35